Refleksjonar etter den kulturelle samlinga på Granavollen!
Fyrst av alt vil vi takke for god og nok mat og eit positivt avbrot med kultur. Frisk luft er heller ikkje å forakte. Hadelendingane har forstått dette. I det heile har det generelt vore ei roleg og triveleg samling der vi har hatt mange gode diskusjonar.
Og, orienteringa om korleis skulen her driv temaundervisning gav oss mange ting å tenkja på. Vi er imponerte over lærarar som klarar å gå nye vegar og gjennomføre det. Heilt klart ligg det mykje både motivasjon og læring i denne måten å tenkja på.
Når det gjaldt refleksjonane etter artikkelen til Eidsvåg opplevde dei to gruppene vi var på dette forskjellig. Refleksjonen vil likevel setje igang ein prosess i høve til å reflektere over bruk av IKT i eigen praksis. Ein vil kanskje bli endå meir målretta, og kritisk.
At programmet for samlinga blir endra etter kvart meiner vi er sunt. Dette gjer at vi kan vere meir fleksible, og få meir ut av samlinga.
