mandag, oktober 15, 2007

Refleksjonar frå den raude samlinga.

Fyrst må eg få ut litt agresjon som har bygd seg opp over dette "blogger"

For ei stund sidan kunne eg ikkje kommentere innlegg på andre bloggar fordi eg ikkje hadde gmail-konto, likevel kunne eg redigere vår eigen blogg.

Eg forsøkte no å skifte til ein gmail konto som eg oppretta. Då laga blogger ein ny blogg, med ny adresse, same tittel, og utan dei gamle innlegga.

Deretter viser det seg at det gamle brukarnamnet, som ikkje er gmail, fortsatt fungerar, og eg kan også kommentere innlegg på andre bloggar!

STØNN!

Deretter får eg be om orsaking for at vi har vore så "slappe" i det siste, eg skulle ha laga denne refleksjonen for lenge sidan, men fekk fyrst att pusten no, etter ei travel tid på jobb og privat!
-Andre har kanskje hatt det like travelt, men likevel gjort det dei skal? All ære til dei for det!

Så til saken:

Takk for sist! Sjølv om vi frå Høre ikkje møtte så mannsterke, og heller ikkje overnatta, gleda eg meg over ei fin samling, og ikkje minst to fortreffelege lunsjar!

Sjølv om det i nettverket kan verke som om vi i Høre er nokon slabbedaskar er vi godt igang med prosjektet på eigen skule. Vi byrja så smått på vårparten med å ta i bruk "It`s learning" som LMS, og er pr. no i god rute. LMSèn er allereie godt etablert på mellomtrinnet, og blir også brukt så mykje som det høver seg på småskuletrinnet. Vi har ein positiv lærarstab her som ser nytta av å ta dette i bruk, og er interessert i å lære. Eg som IKT-leiar ved skulen har halde vekentlege (nesten) små kurs der vi har arbeidd med dei ulike funksjonane i LMSèn. Ofte har tema på kursa kome som fylgje av at nokon har hatt behov for opplæring i eit særskilt emne.

Elles jobbar vi no i kommuna om ein ny IKT-plan, der innhald i IKT-undervisninga er sentralt. I tillegg ynskjer vi å lage meir konkrete planar for maskin, og programvare på skulane, slik at det vert sikra ei utskifting av forelda utstyr på alle skulane. (Noko i likheit med Lillehammer-Gudbrandsdalen si ordning, om enn ikkje like ambisiøs) Ressursar til IKT-arbeid er også med; Samling av ressursane på kommunehuset, utdeling av alt til skulane, eller ein kombinasjon.
Som VBU nemner har vi også sett på korleis dei løyser dette i Luster.

Tor.