onsdag, desember 06, 2006

Refleksonar frå "den kvite samlinga"

No har det gått snart ei veke etter samlinga utan at tankane har vore mykje inne på LÆRNO. Tida rett før jul er den mest hektiske tida på skulen! Vi vil likevel prøve å kome med nokre tankar. Våre tankar om den fyrste dagen, fagdagen, er at dette vart vel teoretisk, og kanskje litt lite praksisnært. Mykje av informasjonen var interessant, men vi er i tvil om kor nyttigt det var for prosjektet vårt. Vi treng eksempel på korleis elevane kan lage samansette tekstar. Vi trur beste måten å lære dette på er at vi lærarar jobbar med det i work-shop under vegleiing.

Dei digitale dropsa den andre dagen var interessante, sjølv om det kanskje hadde greidd seg med eitt eller to. Vi fekk også nyttige erfaringar frå andre skular som har teke i bruk læringsplattform. Vi meiner at denne delen må aukast framover slik at vi får jobba meir med eige prosjekt. Det bør også setjast opp ei oversikt over kva for prosjekt ulike skular har jobba med, slik at det blir lettare å ta kontakt og samarbeide.

Vi har desse forslaga til til fagdagar:
  • Praktisk bruk av IKT i fag som til dømes matematikk og kunst & handverk.
  • Korleis differensiere IKT undervisninga i forhold til motivasjon, kunnskapar, disiplin.

Refleksjonar rundt eige prosjekt.

Prosjektet vårt går heilt klart framover. Vi er ikkje kome veldig langt, men har,i lag med Vang barne-og ungdomskule, bestemt oss for kva læringsplattform vi skal satse på. Vi vil bruke Its learning. Denne blir bestilt før jul. Vi prøver å få kurs for superbrukarar og administrator i løpet av januar, slik at vi i løpet av vinteren kan lære opp alle brukarar. Når det gjeld kursing av brukarar vil vi vurdere å gjere noko av det internt.Plattformen vil bli teke i bruk på alle trinn, og truleg på alle skular i vang. Den vil nok bli brukt i større og mindre grad, og etter å ha høyrt erfaringar frå andre skular vil vi starte litt forsiktig. Vi får heller prøve å utvide bruken etterkvart. Vi kan til slutt konkludere med at vi er i rute ifylgje framdriftsplanen. Den er noko justert i saman med informasjon om datautstyret ved skulen.