onsdag, oktober 25, 2006

Prosjektskildring og framdriftsplan.

Tittel:
"Ta i bruk digitale mapper og LMS i mange fag"

Organisering/ framdriftsplan:
1. Få oversikt over aktuelle LMS-løysingar, bl.a. ved å delta på konferanse (HØYVIS)
(frist nov -06)

2. Eigen vurdering i samarbeid med Vang barne og ungdomsskule, for å bestemme plattform. (frist 15. des -06)

3. Opplæring av superbrukarar og administratorar i aktuell LMS (i samarbeid med VBU)
(frist 1. febr. -07)

4. Opplæring av prosjektgruppa og undervisningspersonalet i aktuell LMS.
(frist 1. apr.)


5. Vurdering og avgjer på korleis vi skal bruke plattformen. Dette skal vere bindande for alle lærarane.
(frist 20. juni)

6. Ta LMS i bruk. Prøveperiode.
(oppstart skuleåret 07/08)

7. Evaluering av prøveperioden.
(frist 1. nov -07)

8. Justeringar.

9. Vi tek LMS i bruk som eit pedagogisk verkty!
(januar -08)

Teknisk utrustning ved skulen:
-Ei tralle med 20 bærbare maskiner, og trådlaust nettverk. (Win XP)
-Eit datarom med 7 datamaskiner (WIN XP)
-Alle lærarar har eigen bærbar PC med WIN , og trådlaust nett.
-ADSL tilkopling. Ca 1000 kbps for heile skulen. (Snart fiberoptisk i saman med resten av kommunen.)