fredag, november 30, 2007

Refleksjonar frå "den isblå samlinga" på Fefor.

Takk for sist!

Denne gongen kastar vi oss frampå, og reflekterer litt, før inntrykka har gått i gløymeboksen!

Dei fyrste, og ikkje så djupe, tankane er at det var ei avslappa, roleg og triveleg samling med god mat, om enn porsjonane var litt snaue fyrste dagen, for aktive kraftkarar frå øvst i Valdres!

Deretter må vi få takke Sødorp skule for ei flott omvisning og vel forberedt velkomst til Gudbrandsdalen! Det er veldig lærerikt å sjå korleis andre skular gjer ting, både for å få bekrefta at ein stundom er på rett kurs sjølv, og ikkje minst få nokre nye idear.
Diverre kan turen vise seg å bli kostbar i ettertid, då vi vart svært misunnelege på dei mange smart-boarda! Sjølv har vi eitt som står på eit fellesrom, og trur at ved å få fleire, vil bruken auke mykje gjennom at tilgangen og organiseringa blir mykje betre og lettare.

Generelt gjer desse samlingane at vi samlar oss, og jobbar meir målretta med eige prosjekt. Det er av stor verdi å få med dei ideane og innspela som dukkar opp under samlingane. Kontakten med "likesinna" både gjennom formelle og meir uformelle samtalar er i seg sjølv nyttig!

Forhåpentlegvis klarar vi også sjølv å bidra med noko positivt, slik at vi bidreg til det lærande nettverket, og ikkje berre haustar frukter frå andre sitt arbeid.

Til slutt må vi seie at vi også er litt stolte av oss sjølv. Vi tykkjer vi er kome langt i eige prosjekt. Det er ingen ting som tyder på at LMS-en vår skal daue hen! Den er tvert imot i ferd med å bli eit sjølvsagt og naturleg verktøy ved skulen.

Elles er eg, Tor, freista til å bli med til London i januar. Eg har også fått positive reaksjonar på dette frå skuleleiinga, slik at det skal vere mogeleg å få det til. Reknar med at dette blir ei sak på fellesbloggen relativt snart.

Med helsing Vegar og Tor!